Facebook ikon Twitter logo Print side

Ungdommens kommunestyre

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om UKS

Ungdommens kommunestyre, UKS, er interesseorgan for ungdom i kommunen der kommunale saker vert drøfta og påverka gjennom fast møteverksemd.

UKS som høyringsinstans må tidleg inn i prosessen der store saker skal handsamast. Det faste utvalet har seks møte i året.

UKS er sett saman av 11 representantar med vara, i alderen 13-19 år. Alle er valde frå vidaregåande skule, ungdomsskular og ungdomsklubbar i kommunen.

UKS har møta sine på Fjell rådhus, med både politisk kontaktperson og koordinator til stades, og møta er opne for alle.

I samband med omlegging av sak-/arkiv systemet, vil det i ein periode vere to alternativ for lesing av møtedokument. Følg denne lenka for møtedatoar og dokument som gjeld før 2017Klikk på knapp «Møtedatoar og saksdokument» for møtedatoar og dokument etter 01.01.2017.

Møtedatoar og dokument

Tilskot frå UKS

Følg oss gjerne på Facebook

Vedtekter

Vedtekter for Ungdommens kommunestyre (UKS)

§ 1 Føremål og mynde

Fjell ungdommens kommunestyre (UKS) er eit fast utval. UKS skal vere eit kontakt- og interesseorgan/rådgjevande organ der ungdom i kommunen kan drøfta saker som vedkjem dei og få høve til påverknad og medbestemming i kommunale saker slik at avgjerds- og vedtaksprosessane i Fjell kommune vert styrka. UKS skal vera kommunen sitt høyringsorgan i alle saker som vedkjem ungdom. Uttalar frå UKS i saker som er til handsaming i kommunale organ, skal følgja saksdokumenta som vedlegg i den vidare handsaminga heilt fram til endeleg vedtak vert gjort.

UKS er underlagt kommunestyret v/ordførar og administrasjonen v/servicetorgsjefen i høve organisering, drift og økonomi. UKS skal ha fast politisk kontaktperson med møte- og talerett.

To representantar for UKS har talerett i komiteane, formannskapet og kommunestyret i einskildsaker, etter å ha meldt inn saker på førehand til ordførar/komitéleiar.

UKS avgjer sjølv kva saker dei skal arbeida med.

§ 2 Samansetjing av Fjell ungdommens kommunestyre (UKS)

UKS skal vera samansett av ungdom i alderen 13 - 19 år, heimehøyrande i Fjell kommune. Medlemmane skal rekrutterast frå alle ungdomsskulane, vidaregåande skule og alle kommunale ungdomsklubbane for å sikra geografisk representasjon.

UKS skal ha minst 40% (fire representantar) av kvart kjønn.

UKS skal ha 10-11 representantar med vararepresentantar som skal veljast slik:

  • To representantar med vara – valde av og frå elevrådet i 8. eller 9. klasse ved Fjell ungdomsskule
  • To representantar med vara – valde av og frå elevrådet i 8. eller 9. klasse ved Tranevågen ungdomsskule
  • Eín representant med vara – valde av og frå elevrådet i 8. eller 9. klasse ved Danielsen ungdomsskule
  • Fire representantar med vara – valde av og frå elevrådet i 1. eller 2. klasse ved Sotra vidaregåande skule
  • Eín representant med vara – valde av og frå klubbstyra ved kvar kommunal ungdomsklubb i Fjell

Valperioden for kvart medlem er to år. Halvparten av medlemene vert valde kvart år. Etter at valperioden er over kan ikkje eit tidlegare medlem/varamedlem veljast inn igjen i UKS.

Valet skal vera avvikla innan 15. september kvart år. UKS vel sjølv leiar, nestleiar, sekretær og eventuelle andre verv for 1 år om gongen. Desse vala skal skje på første møtet etter valet.

§ 3 Organisering og møteverksemd

UKS skal ha seks møte i året. Møta skal leggjast til etter skuletid. UKS skal ha rett til å leggja møta til Fjell rådhus. Møta skal annonserast etter same modell som politiske møte og vera opne for publikum. For at eit vedtak gjort i møte skal vera gyldig må minst halvparten av medlemane vera til stades under drøftingane og ha røysta. UKS kan invitera politikarar, administrasjon og andre for å få orientering eller høve til å stille spørsmål om saker.

Sakspapir skal sendast ut ei veke før møte. Det skal skrivast referat/protokoll frå møta. Innkallinga og protokoll skal leggjast ut på kommunen si heimeside.

Det kan oppnemnast arbeidsutval med to- tre medlemer når spesielle saker skal utgreiast.

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal halda eitt statusmøte med UKS pr. år. Saker frå UKS kan meldast inn til KDF gjennom administrasjonen.

Leiar av UKS skal informera formannskapet om drifta ein gong pr. år.

§ 4 Økonomi og administrasjon

UKS skal ha ein kontaktperson/koordinator tilsett i servicetorget. Kommunen skal syta for tilfredsstillande sekretariatshjelp for UKS. UKS skal, etter avtale med servicetorget, kunna ha tilggang til ein kontorarbeidsplass på Fjell rådhus.

UKS får eigne budsjettmidlar til rådvelde etter løyving/vedtak i samband med budsjetthandsaminga i kommunestyret.

Det skal utbetalast møtegodtgjersle til medlemane i UKS etter same modell som for dei politiske organa. UKS er plassert i gruppe B når det gjeld utbetaling av møtegodtgjersle.

§ 5 Opplæring

Medlemene i UKS skal gjennomgå ei opplæring i kommunal verksemd i tida etter dei er vald inn i rådet. Dei skal og få høve til å delta på kurs og seminar i valperioden.

§ 6 Endring og evaluering

UKS kan koma med framlegg om endring av vedtektene. Framlegget skal fremjast for kommunestyret som gjer vedtak. Kommunestyret kan og koma med framlegg om å endra vedtektene. Før vedtak vert gjort skal UKS ha høve til å koma med uttale til endringsframlegget. Ordninga med UKS skal evaluerast med jamne mellomrom.

§ 7 Gjeldande vedtekter

Vedtektene gjeld frå vedtak i kommunestyret (KS) 22.06.2006 sak 61. Det er seinare gjort endringar ved vedtak i KS 19.06.2008 sak 89; administrativt 22.06.2010; vedtak i KS 25.11.2010 sak 100; vedtak i KS 30.05.2013 sak 58; vedtak i KS 26.09.2013 sak 104.

Kontakt oss

Dersom du ønskjer kontakt med UKS kan du senda epost direkte til leiar Roland Fredriksen rolafred@online.no  eller ringe på mobil 902 70 239. Du kan også ta kontakt med Fjell kommune sitt sentralbord på tlf 55 09 60 00.

Ekstra møtedokument

Under vil det etter behov bli lagt ut dokument som er relatert til politiske møte.

UKS 08.11.2016 (Presentasjonar frå UKS sin opplæringsdag)

Publisert: 11.05.2016 08:03
Sist endret: 10.01.2017 15:15
Politisk sekretariat

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5342 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00