Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilskot frå Fjell ungdommens kommunestyre (UKS)

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Ungdommens kommunestyre, UKS, har kr 50 000 å dela ut i 2017 til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak retta mot ungdom i kommunen. Det er vesentleg at tiltaket er opent og tilgjengeleg for all ungdom i kommunen, jf. retningslinjer.

Kriterium/vilkår

Søkjar må høyra heime i Fjell kommune eller ha hovuddelen av sitt virke her.

I søknadsskjemaet må de opplysa om følgjande:

  • skildring av tiltaket med søknadssum
  • kvar skal tiltaket finna stad
  • kven er målgruppa for tiltaket kva vil søkjar oppnå med tiltaket
  • finansieringsplan for tiltaket (inntekter og utgifter)

Søk om tilskot frå UKS

Retningslinjer for tilskot frå Ungdommens kommunestyre i Fjell

§ 1 — Føremål
Ungdommens kommunestyre har gjennom desse retningslinene høve til å dela ut tilskot til trivselsskapande aktivitetar og tiltak som kjem ungdomen i Fjell kommune til gode. Målsetjinga med ordninga er å stimulere til aktivitetar som er retta mot ungdom i Fjell, med spesiell prioritering til aktivitetar som vert drivne av ungdommen sjølve.

§ 2 — Fastsetjing av storleiken på tilskotsordninga

Den totale summen som står disponibelt for denne tilskotsordninga vert kvart år avgjort i kommunestyret si budsjetthandsaming. Ungdommens kommunestyre skal før budsjetthandsaminga kvart år gjera greie for førre års søkjarstatistikk, med oversyn over søknadsmengd og innvilga søknader. Ungdommens kommunestyre kan kvart år vedta ei øvre grense for tilskot til einskildsøknader.

§ 3 — Kva kan det søkjast om

Det kan søkjast om tilskot til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak. Det kan vera både eksisterande tiltak eller støtte til realisering av nye. Det kan også søkjast omtilskot til vedlikehald av bygg, materiale og utstyr.

Tiltaket som det vert søkt om skal:

  • § 3a — vera spesielt retta mot ungdom i aldersgruppa 13-19 år. Tiltak retta mot andre aldersgrupper kan vurderast i særskilde tilfelle.
  • § 3b — vera geografisk plassert, eller ta utgangspunkt i ei plassering i Fjell kommune.
  • § 3c — vera opent og tilgjengeleg for all ungdom i Fjell kommune og ikkje vera avgrensa til små eller spesielle grupper.
  • § 3d — vera rusfritt
  • § 3e — ikkje vera basert på forteneste eller på annan måte knytast til kommersiell verksemd.
  • § 3f — ikkje påføra kommunen ekstra driftsutgifter utan nærare avtale.

§ 4 — Kven kan søkje

Ungdommens kommunestyre kan gje tilskot til lag/organisasjonar og grupper som har ungdomen i Fjell kommune som målgruppe for sine aktivitetar. Søkjarane må vera heimehøyrande i Fjell eller ha hovuddelen av sitt virke i kommunen. Einskildpersonar kan også søkja om tilskot dersom dei åleine er ansvarlege for tiltak som kjem ungdommen i Fjell kommune til gode. Det er ikkje høve til å søkje for organisasjonar/grupper som er ein direkte eller indirekte del av organisasjonen Fjell kommune. Om ein har søkt om og/eller fått innvilga tilskot frå Fjell kommune sine ordinære tilskotsordningar kan ein likevel søkja om tilskot frå Ungdommens kommunestyre. Ein kan berre få tildelt tilskot frå UKS ein gong kvart kalenderår.

§ 5 — Krav til søknadene

Alle påkravde punkt på søknadsskjemaet skal fyllast ut.

§ 6 — Handsaming av søknader

Søknadsfristane er sett til 1. mai og 1. november kvart år. Alle søknader skal sendast inn på gjeldande søknadsskjema. All påkravd informasjon slik det kjem fram på søknadsskjema må følgje med. Søknader som ikkje møter krava til innhald eller søknadsfrist vert ikkje handsama. Avslag på søknader skal grunngjevast. Alle søkjarar skal ha melding om vedtak etter at handsaminga har funne stad.

§ 7 — Klagehandsaming

Det er høve til å klaga innan tre – 3 – veker etter at vedtaket er gjort kjent. Klaga vert då teke opp i neste ordinære møte i Ungdommens kommunestyre for endeleg avgjerd. Ei klage må leverast skriftleg (brev eller elektronisk), og innehalde grunngjeving for kvifor det er ønskjeleg med ny vurdering av saka.

Vår ref.: 2008/2236 - 3374/2009
UKS-sak 12/09, 11.06.2009

Søknadsfrist

1. mai og 1. november

Behandlingstid

Søknad må sendast inn elektronisk innan søknadsfrist. Ungdommens kommunestyre (UKS) vil deretter kalla inn aktuelle søkjarar til intervjumøte, slik at de får høve til å presentera tiltaket nærare.

Søkjar som får løyvd tilskot må gje skriftleg tilbakemelding etter at tiltaket er gjennomført og vise til korleis midlane er nytta.


Publisert: 15.07.2016 08:25
Sist endret: 13.10.2016 14:43
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00