Facebook ikon Twitter logo Print side

Prisar og gebyr

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Sjå lokale foreskrifter om kommunale gebyr for utfyllande informasjon innan saksfelta:

  • Areal- og reguleringsplan
  • Byggje- og delesak
  • Kart- og oppmålingssaker
  • Miljø og landbruk gjeldande satsar

Lokale foreskrifter om kommunale gebyr 2019

Areal- og reguleringsplan

Sjå lokale forskrifter med tilhøyrande gebyr for utfyllande informasjon.

Lokale foreskrifter om kommunale gebyr 2019

Barnehageplass

Prisar for kommunal barnehageplass 2019
PlasstypeGrunnlagPris pr. mnd
41 timar og meir 5 dg veke - 41 timar og meir 2 990

Nye satser vert fastsett sentralt, gjeld frå 1. januar 2019. Frå 1. august stig prisen til 3.040,- for fulltid. Deltidsopphald aukar prosentvis tilsvarande.

30 % søskenmoderasjon for den andre barnet.
50% søskenmoderasjon for det tredje barnet.

Informasjon om redusert foreldrebetaling

Byggje- og delesak

Sjå lokale forskrifter med tilhøyrande gebyr for utfyllande informasjon.

Lokale foreskrifter om kommunale gebyr 2019

Feiing og tilsyn

Prisar på feiing og tilsyn
Grunnlag2019
Vanleg hus (eks. mva) 640 (800 inkl. mva)
Industripipe (eks. mva) 930 (1.163 inkl. mva)
Feiing etter oppdrag (eks. mva) 1 250 (1.563 inkl mva)

Vatn, avløp og renovasjon

Gebyr for offentleg vatn, avløp og renovasjon vert fakturert av FjellVAR.

Satsane går fram av Gebyrregulativ for vatn og avløp og Gebyrregulativ for innsamling av avfall frå hushald og fritidsbustadar. Du finn også prisar for levering på gjenvinningsstasjon:

Prisar og gebyrregulativ for vatn, avløp og renovasjon frå FjellVAR

Heimehjelp

Det er eigenbetaling for praktisk bistand etter statlege og kommunale satsar. Prisen vert rekna ut etter husstanden si samla nettoinntekt.

Prisen vert det som er rimelegast for deg, anten time- eller månadsabonnement. Beløpa vert justerte årleg.

Dersom praktisk bistand vert tildelt som opplæring eller som avlastingstiltak for pårørande, er tilbodet gratis.

Prisar for praktisk bistand 2019

NettoinntektAbonnement/kr per mnd
Inntil 2G gratis
2G - inntil 3G  780
3G - inntil 4G 1.590
4G - inntil 5G 2.360
5G og over 3.150
Max timesats 290

Institusjonsopphald

Prisar pr. døgn for instutusjonsopphald
Grunnlag20182019
Avlastingsopphald Gratis  Gratis
Korttidsopphald** 160 165
Dagsopphald** 80 85
Langtidsopphald Betaling langtidsplass  Betaling langtidsplass
Frokost 31 32


**) Nye satser vert fastsett av Helse dep. med heimel i Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

Kart- og oppmålingssaker

Sjå lokale forskrifter med tilhøyrande gebyr for utfyllande informasjon.

Lokale foreskrifter om kommunale gebyr 2019

Kulturskule

Prisar per halvår for Fjell kulturskule
Grunnlag20182019
Per elev 1 600 1 645
Søsken  1 280 1 316
Instrumentleige

495

510

Kontingenten skal betalast på forskot når faktura vert motteke. Dersom du vil unngå å betale for ein ubrukt plass for hausthalvåret, må plassen seiast opp i samband med vidaremelding/re-registrering om våren – seinast 1. juni. For vårhalvåret er oppseiingsfristen 1. desember.

Fjell kulturskule administrerer påmelding, elevplassering og administrativ kontakt for kulturskulane i Fjell, Sund og Øygarden. Kvar kommune står for eigen innkrevjing.

Kulturskulen er delvis finansiert av elevkontingenten. Denne skal betalast forskotsvis kvart semester. Kontingenten kan endrast som følgje av kommunalt vedtak.

Pris for kortkurset Kul Mat er for tida kr 1 250,-. Dette omfattar eit forkle brodert med namnet til eleven, ei oppskriftsbok og alle matvarene.

Fjell kulturskulekor har eit tilleggskontigent og innkrev separat av korstyret (fortida kr 100,- pr år), som dekker medlemskap i UngiKor og gir koret økonomisk grunnlag for aktivitetar som korturar og liknande.

Matlevering

Levering av frosne middagar ein gong for veka, fritt levert i heimen.

Prisar per eining for matlevering
Grunnlag2019
Suppe/dessert 25
Frosen middag per porsjon 83
Varm middag per porsjon 94

Miljø og landbruk

Sjå lokale forskrifter med tilhøyrande gebyr for utfyllande informasjon.

Lokale foreskrifter om kommunale gebyr 2019

Omsorgsbustad

Pris på husleige for omsorgsbustader per mnd
GrunnlagPris 2019
40 m2 7 570
45 m2 8 660
55 m2 9 720

Full pakke mat bu & servicesenter: 4 390,-

Sals- og skjenkeløyva

Minstegebyr 2019

Sals- og skjenkeløyva har følgjande minstegebyr:

  • Salsløyve – kr. 1.660
  • Skjenkeløyve inkl. alminneleg løyve for eit enkelt høve – kr. 5.200
  • Ambulerande skjenkeløyve – kr. 370

Gebyra er fastsett i § 6-2 i forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk.

Skulefritidsordning (SFO)

Prisar per månad for SFO
Grunnlag2019
Heil plass 2 650
Ettermiddagsplass fram til kl 15.30
(Dvs. etter skuletid fram til 15.30.)
1 990
Morgonplass. Pris pr. mnd. 990
Søskenmoderasjon - barn nr. 2 25%
Søskenmoderasjon - barn nr. 3 50%
Ferietilbod (ingen søskenmoderasjon). Pris per veke. 895

Til info vil det bli fakturert for sfo frå august til og med mai måned. Juni vil være betalingsfri.
Om man seier opp plassen før juni vil man få halv betaling i oppseiings måneden.

Tryggingsalarm

Prisar per månad på tryggingsalarm
Grunnlag2019
Tryggingsalarm 360
Tryggingsalarm nr. 2 i husstanden 170

Sist endret: 08.01.2019
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Postadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00