Facebook ikon Twitter logo Print side

AvtaleGiro og eFaktura

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Faktura - AvtaleGiro og eFaktura

Faktura frå Fjell kommune svert sendt elektronisk eller pr. post. Det er viktig at fakturamottakar opplyser om eventuell adresseendring til Fjell kommmune.

Send e-post om adresse-endring

Betalar du ikkje faktura ved forfall, vil forseinkingsrenter og gebyr kunna påløpa i tillegg til hovudkrav.

Vi rår til å betala via eFaktura eller alternativt Avtalegiro til Fjell kommune.

Meiner du at kravet du har fått er urettmessig eller feil? Send oss ein e-post så raskt som mogleg der du forklarar dette til oss i ein e-post.

Send e-post ved feil i faktura

Alternativt kan vi kontaktast på telefon.

Fakta

Med AvtaleGiro vert rekninga betalt direkte frå kontoen din på forfallsdato. Du treng ikkje å ha nettbank for å nytta AvtaleGiro.

Med eFaktura får du rekningane rett inn i nettbanken, ferdig utfylt med KID-nummer og kontonummer. Du må ha nettbank, og du må godkjenna betalinga.

Ei tilrådd løysing er å kombinera AvtaleGiro og eFaktura. Då vert rekningane betalt automatisk på forfallsdato, og rekninga vert sendt direkte til nettbanken din og lagra der.

Fordelar med AvtaleGiro

  • Du slepp å tenkja på betalinga sjølv. Beløpet vert trekt automatisk på forfallsdato.
  • Om du har nettbank, kan du sjå rekningane i forfallsregisteret. Du vert varsla minst sju dagar før forfall.
  • Du får kvittering med forklarande tekst på kontoutskrift og i nettbanken.
  • Du unngår purringar og gebyr ved for sein betaling, så sant det er pengar på konto på forfallsdagen.
  • Du kan stoppe betalinga før ho forfell.

Kom i gang med AvtaleGiro

  • Sei ja takk når du får tilbod om AvtaleGiro etter å ha betalt rekninga i nettbanken. Avtalegiroreferansen er heile KID-nummeret.
  • Om du ikkje har nettbank, tar du rekninga med til banken for å inngå avtale om AvtaleGiro.
  • Byter du bank, må du opprette ny AvtaleGiro med den nye banken din.

Fordelar med eFaktura

  • Du får fakturaen rett i nettbanken din. All informasjon er ferdig utfylt, det einaste du treng og gjera er å godkjenna betalinga.
  • Du får oversikt over både betalte og ubetalte rekningar i nettbanken. Fakturadetaljar kan hentast fram og eventuelt skrivast ut.
  • Dersom du ynskjer det, kan du verta varsla via e-post kvar gong det kjem ein ny eFaktura i nettbanken.
  • Du kan betala rekningar når du er på reise
  • Du kan endra betatalingsdato og beløp
  • Dersom du byter bank eller bruker fleire bankar, følgjer eFakturaen med utan at du treng å gjera noko

Kom i gang med eFaktura

  • Sei ja takk når du får spørsmål om du vil ta i bruk eFaktura etter å ha betalt ei rekning i nettbanken din.
  • Logg inn i nettbanken, finn fram til eFaktura og opprett avtale med Fjell kommune. Du treng eFaktura-referanse til kommunen for og gjera dette. «eFakturareferansen» er dei åtte første siffera av KID-nummeret som står på rekninga.
  • En avtale om eFaktura gjer at du får alle rekningane frå Fjell kommune som eFaktura.

Her finn du meir inormasjon om eFaktura og AvtaleGiro


Publisert: 03.05.2016 10:53
Sist endret: 03.05.2016 10:59
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00