Facebook ikon Twitter logo Print side

Eigedomsskatt

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Fjell kommune har innført eigedomsskatt på verk og bruk og annan næringseigedom frå 01.01.2016. Kommunestyret vedtok dette i møte 17.12.2015 med heimel i eigedomsskattelova §§ 2 og 3, første ledd, bokstav d. Satsen er sett til 2,0 promille av takstgrunnlag etter vedtak i takstnemnda for eigedomsskatt (sakkunnig nemnd).

Kommunestyret har vedteke at skattetaksten for eigedommane skal vere 65 % av den takserte marknadsverdien. Vidare vedtok kommunestyret eit ønske om at skattesatsen skal haldast på 2,0 promille fram til 2019.

Skattetakst

Reglane for taksering er fastsett i eigedomsskattelova §§ 8 A-2 og 8 A-3. Verdet er lik det eigedommen kan avhendast for ved fritt sal. Kommunestyret har utpeika ei sakkunnig nemnd (takstnemnd) som skal setja taksten på grunnlag av forslag frå tilsette synfaringsmenn. (§ 8 A-3, 4. ledd).

Fordi kommunen vert sett på som part i saka, har den ikkje mynde til å instruera takstnemnda når det gjeld fastsetting av takstverdien i den enkelte sak.

Det er gjennom praksis godteke at kommunestyret kan vedta eit takstnivå som er lågare enn verdet ved fritt sal. I Fjell har kommunestyret vedteke eit nivå på 65 %.

Skattetaksten gjeld for 10 år. Dette omfattar også reduksjonsfaktoren til 65 %.

Kommunestyret har fastsett eigne vedtekter for arbeidet med eigedomsskattetakst (.pdf).

Skattesats

Skattesatsen kan vera mellom 2 og 7 promille. Første året skal den vera 2 promille og den kan aukast med 2 promille årleg etter vedtak i kommunestyret.

Fritak

Kommunestyret kan etter § 7 i eigedomsskattelova vedta å frita eigedommar eigd av stiftingar eller institusjonar med samfunnsnyttige formål eller eigedommar av historisk verdi.

I Fjell har kommunestyret vedteke fritak for fylkeskommunale skular, idrettsanlegg og hallar og eigedom tilhøyrande frivillige organisasjonar. Eigedom tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar kan søkja kommunestyret om fritak. Det er eit vilkår for fritak at føremålet er ideelt og ikkje forretningsmessig (mål om økonomisk overskot). Søknad om fritak skal stilast til eigedomsskattekontoret.

Søknadsfrist 01.02.2016.

Organisering

Eigedomsskattekontoret har ansvar for arbeidet med eigedomsskatten og er organisatorisk lagt under økonomisjefen. Eigedomsskattekontoret held til i 5. etasje på rådhuset. Prosjektleiar er Heine Kleppe. E-post: heine.kleppe@fjell.kommune.no

Utskriving

Eigedomsskattekontoret skriv ut eigedomsskatten etter § 14 i loven. Frist for utskriving er 1. mars i skatteåret. 1. året skatten vert skrive ut er fristen innan utgangen av juni. Dett vil gjelda for 2016 i Fjell kommune.

Skattelista med alle skattelagde eigedommar i kommunen ligg til offentleg ettersyn i tre veker etter utskriving (§ 15). Dette gjeld også eigedommar med fritak.

Forfall

Kommunen tek sikte på at eigedomsskatten vert kravd inn i to terminar med forfall 20.07 og 20.12.

Klagerett

Skatteytar kan klaga på den utskrivne eigedomsskatten etter § 19 i loven. Klagefristen er 6 veker. Det er taksten som er klagegrunnlag . Kommunestyret har utpeika ei klagenemnd som avgjer klagen dersom kommunen ikkje tar klagen til følgje.

Vidare arbeid

Kommunen tek sikte på å gjera vedtak om skattetakt i sakkunnig nemnd innan utgangen av februar.

Søknader om fritak vert gjort i kommunestyremøte 25.02.2016.

Utskriving av eigedomsskatt og utlegging av skatteliste til ettersyn vil etter planen skje 02.05.2016.


Publisert: 20.04.2016 13:14
Sist endret: 20.04.2016 13:15
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00