Facebook ikon Twitter logo Print side

Personleg skatteyter

Aktuell informasjon for deg som er personleg skattyter.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Aktuell informasjon for deg som er personleg skattyter.

Forskotsskatt for personleg skattyter

Personleg skatt oppstår som en følgje av lønnsinntekt, næringsinntekt, kapitalinntekt, trygdeutbetaling eller formue. Skatteplikt kan også oppstå ved gevinst av sal.

Skatten vert innbetalt ved forskotstrekk i lønns-/trygdeutbetalinger, eller ved utskreven forskotsskatt.

Kemneren har ansvaret for innkrevjing av personlig skatt, restskatt og forskotsskatt.

Vi kan hjelpa deg med spørsmål du har i samband med innbetaling av restskatt, forskottsskatt og tilleggsforskot. 

Tilleggsforskotsskatt

Viser den førebelse skatteberekninga som du mottek i mars/april at du har betalt for lite skatt, kan du betala tilleggsforskot for å unngå restskatt med rentetillegg.

Fristen for å betala tilleggsforskudd er 31. mai

Samme frist gjeld for både lønstakarar og pensjonistar, og for næringsdrivande og selskap. Fristen for betaling av tilleggsforskot er 31. mai, sjølv om du har søkt om utsett frist på sjølvmeldinga. Betaling etter fristen vert rekna som forskot på restskatt.

Kontonummer for innbetaling av tilleggsforskotsskatt
KommuneKontonummer
Fjell 6345.06.12466
Sund 6345.06.12458
Øygarden 6345.06.12598

Skatteoppgjer 

Sjå oppgjeret, renter, innbetalingsinformasjon hos Skattetaten.

Elektonisk skattekort

Skattekortet er elektronisk. Det vil seia at du ikkje får det heim i posten, og at du ikkje treng å levere det til arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten.

Bestill skattekort

Slik fungerer elektronisk skattekort:

  • Du vil ikkje lenger få skattekortet på papir. I desember sender vi deg informasjon om skattekortet (skattetrekksmelding). Der vil du få informasjon om grunnlaget for utrekninga av skattetrekket ditt. Sjekk at grunnlaget stemmer. Er du registrert e-brukar, får du brevet elektronisk i meldingsboksen din i Altinn. Dersom du ikkje har fått meldinga innan 9. januar, kan du ringja til oss.

  • Semmer ikkje grunnlaget i skattekortet ditt, kan du endra skattekortet.

  • Arbeidsgjevar får melding dersom du endrar skattekortet ditt, slik at arbeidsgjevaren alltid vil ha tilgang til det nyaste skattekortet ditt.

Sjølvmelding

Kontakt Kemneren dersom

  • Beløpa for innbetalt forskotstrekk og forskotsskatt ikkje stemmer med oppgåvene dine (ta med kopi av lønnskvitteringar eller anna dokumentasjon på betalt skatt)
  • Spørsmål om tilbakebetaling av skatt
  • Spørsmål om betaling av restskatt

Kontakt Skatteetaten dersom

  • Inntekt eller formue ikkje stemmer med sjølvmeldinga
  • Du meiner du har krav på særfrådrag eller andre frådrag som ikkje står oppført på sjølvmeldinga
  • Du har spørsmål om enkelt postar i sjølvmeldinga

Kontakt Skatteetaten

Endring av kontonummer for utbetaling av skatt

Ønskjer du å endra kontonummer for utbetaling av skatt, kan du senda melding om dette til Kemneren eller endre kontonummer på Altinn.

Endre kontonummer

Nyttige lenkjer

Skatteetaten
Altinn


Publisert: 03.05.2016 07:59
Sist endret: 03.05.2016 08:00
Kemneren i Fjell, Sund og Øygarden

Besøksadresse:

Skjenet 11
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 63 40