Facebook ikon Twitter logo Print side

Personleg skattyter

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Forskotsskatt for personleg skattyter

Personleg skatt oppstår som en følgje av lønnsinntekt, næringsinntekt, kapitalinntekt, trygdeutbetaling eller formue. Skatteplikt kan også oppstå ved gevinst av sal.

Skatten vert innbetalt ved forskotstrekk i lønns-/trygdeutbetalingar, eller ved utskreven forskotsskatt.

Kemneren har ansvaret for innkrevjing av personlig skatt, restskatt og forskotsskatt.
Vi kan hjelpa deg med spørsmål du har i samband med innbetaling av restskatt, forskottsskatt og tilleggsforskot.

Tilleggsforskotsskatt

Viser skattemeldinga som du mottek i april at du har betalt for lite skatt, kan du betala tilleggsforskot for å unngå restskatt med rentetillegg.

Fristen for å betala tilleggsforskot er 31. mai.

Same frist gjeld for både lønstakarar og pensjonistar, og for næringsdrivande og selskap. Fristen for betaling av tilleggsforskot er 31. mai, sjølv om du har søkt om utsett frist på skattemeldinga. Betaling etter fristen vert rekna som forskot på restskatt.

Kontonummer for innbetaling av tilleggsforskotsskatt
KommuneKontonummer
Fjell 6345.06.12466
Sund 6345.06.12458
Øygarden 6345.06.12598

Her kan du lage KID-nummer.

Skatteoppgjer 

Sjå oppgjeret, renter, innbetalingsinformasjon hos Skattetaten.

Elektronisk skattekort

Skattekortet er elektronisk. Det vil sei at du ikkje får det tilsendt per post/ mail, og at du ikkje treng å levere det til arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten.

Bestill skattekort

Slik fungerer elektronisk skattekort:

  • Du vil ikkje lenger få skattekortet på papir. I desember sender Skatteetaten ut informasjon om skattekort. Der vil du få informasjon om grunnlaget for utrekninga av skattetrekket ditt. Sjekk at grunnlaget stemmer. Er du registrert e-brukar, får du brevet elektronisk i meldingsboksen din i Altinn. Dersom du ikkje har fått meldinga kan du kontakte skattekontoret.
  • Er det feil i grunnlaget i skattekortet ditt, kan du endra skattekortet.
  • Arbeidsgjevar får melding dersom du endrar skattekortet ditt, slik at arbeidsgjevaren alltid vil ha tilgang til det nyaste skattekortet ditt.

Skattemelding

Kontakt Kemneren dersom

  • Beløpa for innbetalt forskotstrekk og forskotsskatt ikkje stemmer med oppgåvene dine (ta med kopi av lønnsslippar eller anna dokumentasjon på betalt skatt).
  • Du har spørsmål om tilbakebetaling av skatt.
  • Du har spørsmål om betaling av restskatt.

Kontakt Skatteetaten dersom

  • Inntekt eller formue ikkje stemmer med skattemeldinga.
  • Du meiner du har krav på særfrådrag eller andre frådrag som ikkje står oppført på skattemeldinga.
  • Du har spørsmål om enkeltpostar i skattemeldinga.

Kontakt Skatteetaten.

Endring av kontonummer for utbetaling av skatt

Ønskjer du å endra kontonummer for utbetaling av skatt, kan du endre kontonummer på Altinn eller kontakte Kemneren.

Endre kontonummer

Nyttige lenkjer


Publisert: 03.05.2016 07:59
Sist endret: 26.07.2018 10:24
Kemneren i Fjell, Sund og Øygarden

Besøksadresse:

Skjenet 11
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 63 40