Facebook ikon Twitter logo Print side

Skatt for arbeidsgjevar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Aktuell informasjon for deg som er arbeidsgjevar.

Innkrevjing av skatt

Kemneren har ansvar for innkrevjing av skatt for arbeidsgjevarar og selskapa. Dette gjeld forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift, og utskriven forskotsskatt og restskatt.

Kemneren kan mellom anna hjelpa deg med å finna informasjon om:

  • Regelverk for skattetrekk
  • Arbeidsgjevaravgift og forskotstrekk

Med jamne mellomrom kontrollerer vi rekneskap og billag hjå næringsdrivande. Arbeidsgjevarkontrollen omfattar å kontrollera at arbeidsgjevaren sitt rekneskap og utbetalingar av lønn er i tråd med gjeldande regelverk.

Bestilling av skatteattest

Ved offentleg anbodskonkurranse må det leverast attest for skatt og meirverdiavgift. Attesten kan du bestilla sjølv på Altinn.

Bestill skatteattest

Attesten vert produsert same dag og vert sendt til din meldingsboks i Altinn.

Forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift

Som arbeidsgjevar har du ansvar for å trekkja skatt (forskotsskatt) og berekna arbeidsgjevaravgift kvar gong du betalar ut lønn og anna trekkpliktig godtgjersle til ein arbeidstakar. Dette gjeld og i kortvarige arbeidsforhold.

A-melding

Idrettslag og ideelle organisasjonar

Idrettslag og ideelle organisasjonar går ofte under nemninga «ikkje skattepliktig». Det er eit vilkår at laget eller organisasjonen «ikkje har erverv til formål».

Organisasjonen har likevel plikter som arbeidsgjevar. Organisasjonar og lag over ein viss størrelse kan ha årsrekneskapsplikt og bokføringsplikt. Dersom organisasjonen ikkje er bokføringspliktig, skal den føre ei lønningsliste for kvar mottakar av lønn eller anna godtgjering slik at lønnsopplysningar vert innrapportert ved A-melding og blir kontrollert av Skatteetaten.

Les meir i miniguide for idrettslag og ideelle organisasjonar

Lag eigne KID-nummer

Lag KID for arbeidsgjevaravgift

Lag KID-nummer for skatt for bedrift

Solidaransvar

Når arbeidstakarar vert leigde ut til andre selskap, har både oppdragsgjevar (den som leiger inn) og oppdragstakar (den som leiger ut) ansvar for at arbeidsgjevarpliktene blir overholdt. Oppdragsgjevar og oppdragstakar har eit felles ansvar for å berekna og betala forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift, og for å senda inn a-meldingar. Skattestyresmaktene kan forholda seg til både oppdragsgjevar og oppdragstakar ved innkrevjing.

Nyttige lenkjer


Publisert: 03.05.2016 08:06
Sist endret: 25.07.2018 13:59
Kemneren i Fjell, Sund og Øygarden

Besøksadresse:

Skjenet 11
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 63 40