Facebook ikon Twitter logo Print side

Røyste før valdagen

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


VallogoStortings- og sametingsval 2017

Måndag 11. september er det Stortings- og sametingsval i Norge.

Tidleg røysting

Dersom du er forhindra frå å kunne førehandsrøyste i perioden 10. august til 8. september, og heller ikkje er heime på valdagen, kan du tidlegrøyste i Fjell rådhus, servicetorget frå 1. juli og til og med 9. august.
Du kan møte opp i Kundetorget på Fjell rådhus i opningstida som er frå 08.00 - 15.30 kvar vekedag.
Ved tidleg røysting er ikkje dei ordinære røystesetlane klare. Røystesetlane som då skal brukast inneheld berre namn på dei registrerte politiske partia i Norge. Ønskjer du å røyste på eit parti som stiller liste i Hordaland, men ikkje står på setelen, kan du skrive partiet sitt namn i det blanke feltet.

Førehandsrøysting

Skal du røyste på førehand, kan du gjere det i kommunar kvar som helst i landet. Det vert opna for ordinær førehandsrøysting frå 10. august. Fristen for å røyste på førehand i Noreg er seinast innan fredag 8. september, men ikkje seinare enn at røysta di når fram i posten til heimkommunen i tide til å verta talt med i valoppgjeret.

Dersom du røystar på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli sendt til heimkommunen.

Du må ta med deg legitimasjon. Det er ikkje eit krav at du har med valkort, men det forenklar registreringa, og det går raskera for deg å røyste om du tar det med.

I Fjell har vi mottak for førhandsrøysting i tida 10. august – 8. september på følgjande to stadar:

Servicetorget, Fjell rådhus, Straume

Måndag – fredag kl. 08.00-15.30
Utvida opningstid
F.o.m. 22.august, tysdagar kl. 15.30-17.00

Fjell folkeboksamling, Sartor senter

Måndag, onsdag, fredag kl.11.00-16.00
Tysdag, torsdag kl.11.00-19.00
Laurdag kl.10.00-14.00

Utvida opning veke 36 alle dagar kl.11.00-21.00

Førehandsrøysting på institusjonane

Det vert høve til å førehandsrøysta på følgjande institusjonar i Fjell kommune:

Tysdag 5. september:

  • På Kvednatunet frå kl 10.00 – 11.30

Onsdag 6. september 2017:

  • På Straume bu og servicesenter frå kl 10.00 – 11.00
  • På Fjell sjukeheim frå kl : 11.30 - 13.30

Heimerøysting (Ambulerande røysting)

Veljarar som av helsemessige grunnar ikkje kan møta fram i vallokalet eller førehandsrøysta på dei oppgjevne stadene i kommunane, kan be om å få røysta heime eller der dei oppheld seg.
Det er ikkje krav om skriftleg søknad, førespurnad kan og gjerast ved telefon.
Det må opplysast om fullt namn, fødselsår og – dato, nøyaktig adresse og tlf.nr. og grunnen til at du ynskjer å røysta heime. 2 røystemottakarar vil då kome heim til deg og ta imot røysta di, etter nærare avtale om tidspunkt. Frist for å be om å få røysta heime vert sett til onsdag 6. september kl. 15.00.

Ta kontakt med kommunen på telefon 55096000 eller pr brev til: Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume

Røysta frå utlandet

Dersom du er på ferie eller er i utlandet av andre grunnar og ikkje får røysta i Noreg, kan du røysta på førehand hos mange av dei norske utanriksstasjonane. Fristen for å røysta på førehand utanriks er innan 1. september. Les meir informasjon om kvar og korleis du røystar utanriks her.

Offisielle valsida

Valgportalen: valg.no


Publisert: 02.06.2017 11:10
Sist endret: 26.07.2017 10:53