Facebook ikon Twitter logo Print side

Røysting

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


VallogoStortings- og sametingsval 2017

Måndag 11. september er det Stortings- og sametingsval i Norge.

Kven har røysterett til Stortingsvalet

Norske statsborgarar som:

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg, og som
  • ikkje har mist røysteretten sin etter Grunnlova § 53.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busett i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.

Tidleg røysting

Dersom du er forhindra frå å kunne førehandsrøyste i perioden 10. august til 8. september, og heller ikkje er heime på valdagen, kan du tidlegrøyste i Fjell rådhus, servicetorget frå 1. juli og til og med 9. august.
Du kan møte opp i Kundetorget på Fjell rådhus i opningstida som er frå 08.00 - 15.30 kvar vekedag.
Ved tidleg røysting er ikkje dei ordinære røystesetlane klare. Røystesetlane som då skal brukast inneheld berre namn på dei registrerte politiske partia i Norge. Ønskjer du å røyste på eit parti som stiller liste i Hordaland, men ikkje står på setelen, kan du skrive partiet sitt namn i det blanke feltet.

Førehandsrøysting

Skal du røyste på førehand, kan du gjere det i kommunar kvar som helst i landet. Det vert opna for ordinær førehandsrøysting frå 10. august. Fristen for å røyste på førehand i Noreg er seinast innan fredag 8. september, men ikkje seinare enn at røysta di når fram i posten til heimkommunen i tide til å verta talt med i valoppgjeret.

Dersom du røystar på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli sendt til heimkommunen.

I Fjell har vi mottak for førehandsrøysting:

Servicetorget Fjell rådhus i opningstida 08.00 – 15.30 man, ons, tors og fredag og til kl 17.20 om tysdagen
Biblioteket, Sartor senter i opningstida

Manntalet - offentleg ettersyn

Du kan undersøkje om du står i manntalet i Fjell kommune i manntalslistene som vert lagt ut til ettersyn ca 20 juli og fram til valdagen, på følgjande to stader:

  • Servicetorget - Fjell rådhus
  • Fjell folkeboksamling/bibliotek - Sartor senter

Offisielle valsida

Les meir på Valgportalen: valg.no


Publisert: 02.06.2017 11:10
Sist endret: 02.06.2017 11:19