Facebook ikon Twitter logo Print side

Valkort

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Val logoInnleiing

Alle som har stemmerett til stortingsvalet vil få tilsendt valkort innen 10. august 2017.

Valkortet vert sendt til alle med stemmerett i Fjell, og bekreftar at du er innført i manntalet for Fjell kommune. Valkortet vert utarbeidd etter folkeregisteret sine opplysningar om veljaren si bustadadresse pr. 30. juni i valåret. På framsida av valkortet er det opplysningar om kva stemmekrins du er manntalsført, og namn og adresse på vallokalet du skal stemme i på valdagen 11. september 2017.

I Fjell kommune kan du førehandsrøyste frå og med 10. august til og med 8. september på følgjande stadar:

  • Fjell rådhus
  • Fjell folkeboksamling (biblioteket på Sartor Senter)
  • På institusjonane Kvednhaugen, Straume bu og servicesenter og Fjell sjukeheim.

Sjå: Røyste før valdagen her for detaljar.

Du kan elles førehandsstemme i alle andre kommunar i landet. Din stemme vert då sendt til din heimkommune.

Du treng ikkje valkort på valdagen for å stemme, men det vil gjere prosessen for stemmemottakar enklare og det vil vere raskare for deg. Har du ikkje mottatt valkortet i posten eller har mista det, kan du altså møte opp i vallokalet likevel for å stemme. Les meir på departementet sine nettsider.

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon. Hugs legitimasjon!

Valkort i retur

Vi har fått ein del valkort i retur til Fjell kommune. Det kan være ulike årsaker til dette, til dømes:

  • ufullstendige adresse
  • innbyggarane har flytta og ettersendingsperioden er gått ut
  • manglande merking av postkassar.

Valkorta vi har fått i retur vert samla på Servicetorget – Fjell rådhus fram til 11.september 2017.

Feil på valgkortet

Dersom du meiner at det er feil på valkortet sjekk kva som stod oppført på deg pr 30. juni i folkeregisteret. Ta elles kontakt med:

Valstyret i Fjell
Postboks 184
5342 Straume


Publisert: 10.08.2017 13:25
Sist endret: 10.08.2017 13:34