Facebook ikon Twitter logo Print side

Framleis låg folkevekst i Fjell

Andre kvartal 2019 auka folketalet i Fjell kommune med 34 personar. Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Fjell har framleis høg vekst samanlikna med resten av landet, sjølv om vekstraten har gått ned dei siste fem åra.

Illustrasjonsfoto

Av folkeveksten det andre kvartalet utgjorde fødselsoverskotet (fødde minus døde) 33 personar medan nettoinnflytting (inkludert inn- og utvandring) utgjorde eín person. Innanlandsk nettoflytting var negativ for første gang sidan første kvartal 2011, og utgjorde minus éin person, går det fram av eit notat frå Plan- og utbyggingssjefen.

Det er ikkje uvanleg at folkeveksten svingar frå kvartal til kvartal. Dette er likevel første gong i løpet av dei siste 20 åra at folkeveksten har vore såpass låg to kvartal på rad.

Dei siste 12 månadane har folketalet i Fjell kommune auka med 1,25 prosent. Til samanlikning har folketalet i Hordaland auka med 0,45 prosent. Folketalet i heile landet auka med 0,63 prosent på same tid. Hordaland fylkeskommune reknar med at det vert ein årleg gjennomsnittleg vekst i dagens Fjell kommune på 1,6 prosent fram mot 2030 i sine prognosar, deretter 1,2 prosent årleg fram mot 2045.

Foto: Colourbox

 


Sist endret: 20.08.2019